Den Norske Klubbens tur til El Hierro 13. – 16. nov. 2024

Denne gongen reiste vi fra Gran Canaria etter at alle var «vakne», vi har vel alle opplevd at Mette, og kanskje? berre ho, – klarer å få 25 personer med seg på tur kl 06.00 om morgonen.

Etter at alle var i bussen var vi på flyplassen i god tid til flight nr. 380 til El Hierro tok av kl 16.00.

Vel framme på El Hierro sto bussen klar og vi kom fram til El Parador, ein luksusstad for opphaldet. Etter innsjekking hadde vi god tid før middag til å orientere oss på området.

Om kvelden fekk vi god middag, godt drikke og «nye» bekjentskap.

Torsdag 14. nov.

Etter ein god frokost var alle klar for avreise «med lukkede sko og pass» til Central Corono del Viento. Der fikk vi informasjon om korleis øya er sjølvforsynt med elektrisitet, ein kombinasjon av vatn, vind og i naudsfall dieselaggregat. Vidare gjekk turen til Frontera, for å oppleva ein lavaboble og lavatunnel, vi fekk på oss hjelm, sjølv om «takhøgda» er stor på alle måter når ein er med METTE på tur så var den ikkje like stor i tunnelen.

På same området er det «firfislehus» og «gamle» bosettinger som viste korleis folk budde i tidligere tider. Vidare gjekk turen til Cooperativa de Viña Frontera. Når vi nordmenn blir bedt på vinsmaking er vi ikkje vonde å be, attåt vinen fekk vi smake på gode oster frå øya.

Sjølvsagt var det vin å få kjøpt, kuffertane var nok tyngre på reisa frå øya enn da vi kom.

Mat og drikke må til, vi fekk ein god lunsj i landsbyen San Andrès og restaurant Goyo, ei familiebedrift. Som vanleg mykje mat og drikke.

På returen stoppa vi på eit utsiktspunkt, Mirador de Isora, bortimot 1000 meter over havet med vidsyn bl.a. til området der hotellet»vårt» låg.

Vel mette både av inntrykk og mat gjekk turen attende til hotellet og ein stor middag, – att.

Fredag 15. nov. – «spennings- og overraskelsensdagen».

Vi hadde berre fint vær på turen og det vart nok teke mange bilder av ein fantastisk fin soloppgang før frokost.

Denne dagen var dagen da vi verkeleg fekk «sjå» øya.

Fyrste stopp var Centro de Interpretacion del Julan, med meir historie om øya, me fekk sjå hellerisingar fra urfolket Bimbache.

Videre gjekk turen på svingete vegar til La ermita de los Reyes med besøk i kapellet til for å såg helgengudinnen…….

Sjåføren vår, PEDRO, var ein framifrå behageleg og flink sjåfør så vi var trygge under alle veg- og trafikkforhold.

Så var det mat att, i kystbyen La Restinga, der fekk vi god «fiskelunsj» og godt drikke – sopa de marisco/fiskesuppe og grilla fisk Peto.

På heimvegen var vi innom Centro de Interpretacion La Restinga med modeller og informasjon om det siste vulkanutbrotet/undersjøiske i 2011.

Så var det rake vegen attende til hotellet for ein siesta for å «døyve» spenninga til kveldens overraskelse!!!!

I 2019 var det også «klubbtur» til El Hierro, og da var det to som vart råka av AMORS PILER, det slo «gnister», noko som vart bekrefta i salongen på hotellet.

Der vart dei vigde av sjømannspresten i Arguineguin, Ingunn Dalan Vik, med heile turfølgje som «vitne» – og det var berre brurparet og tre-fire personar til som visste om det som skulle skje.

Brurparet marsjerte inn til bryllupsmarsj og gjestane stod storøygde og forundra og såg på.

Etter seremonien med nokre ord frå forlovarane så spratt champagnekorkene og festen var igang.

Stor middag i matsalen, etterpå bryllupskake og litt sang, millom anna av brudgommen som song «Nocturne» av Evert Taube med stor innleving til brura – og festlyden.

Ein innhaldsrik dag gjekk mot slutten med mange gode minne.

Lørdag 16. nov. Utflukt og heimreise.

Etter vanleg rutine med frokost, kuffertpakking og farvel med hotellet reiste vi kl 10.30.

Nokre småstopp her og der, vi var innom nokre små idylliske byer, millom anna La Caleta, og siste lunsj i ein spesiell restaurant signert lanzarote gutten, målaren, designeren og hage- og husarkitekten Cesar Manrique.

Nok ein gong var det magen som fekk «unngjelde», men for ei oppleving.

I godt selskap går tida fort og vi måtte vidare til flyplassen for heimreise.

Berre flyet var litt forsinka, elles gjekk det aller meste som planlagt takka være turfolk som møter opp til avtalte tider «her og der».

Den som fortener største takken er sjølvsagt METTE, opplegget for ein slik tur varer eigentleg i fleire månader, men vi som har hatt den store gleda ved få «nyte» av alt METTE gjer for oss fortener og ein god takk for god framferd, ingen som «skeier ut» på noko vis og er på plass der det skjer.

Takk alle saman!!   Hans Martin E.