Den Norske Klubben og HLF Gran Canaria hørselslag på mandelblomstringstur.

Tysdag 4. februar 2025 var både «gamle» og «nye» medlemmer i klubben og hørselslaget på mandelblomstringstur.

Med avreise frå Arguineguin kl 08.30 «plukka» vi opp til saman 54 morgonfriske og opplagde deltakere på dei vanlege busstoppa.

Vel ute på motorvegen ynskte Mette oss velkomen og gjekk gjennom «ruta» i «grove» trekk.

Værvarslet var ikkje det optimale, men som Mette seier, når «solskinnsbarna» er på tur, vil det som regel gå bra!

Frå motorvegen køyrde mot fjellet gjennom FATAGADALEN, palmenes dal.

Etter om lag ein og ein halv time kom vi til restaurant Cumbre Grill, der var det kaffestopp med biteti – og tid for ein tur innom toalettet, så det vart både «inntak» og «uttak».

Ein flott stad å besøke.

Det er utruleg kva Mette får informert om på 1,5 time.

Frå vi starta fortalte ho om «kvar, kor og kvifor», noko har vi høyrd før og noko nytt. Det er ikkje til å unngå at det blir noko «gjentaking», men det er med nokre «ferskingar» au som skal ha informasjon, Mette tek omsyn til alle.

Da vi var klare for avreise att vart «ruta» lagd om, men med «hell».

Grunnen var at været var noko trugande med skodde og litt vått i lufta.

Men med Mette si ærfaring er ikkje plan «B» dårlegare enn plan «A», så vi hadde bra vær der vi for.

Å «treffe på heilt rett tid for blomstring er ikkje lett, men vi fekk sjå mykje blomster ila. turen. DET ER NATUREN SOM RÅR. Men det ble til et fotostopp i Artenara, så folket fikk se og lukte og brukt mobilfoto.

På turane er lunsjen eit av høgdepunkta, ein gong mellom klokka eitt og to kom vi til Fontanales og restauranten Sibora Grill.

Alle som har vori med på turer i denne delen av solskinnsøya har god ærfaring med denne restauranten som er ei familiebedrift sidan 1985, no med «yngre» krefter som vertskap, men «mor» er i full aktivitet fra tidleg morgon, millom anna med baking.

Vi vart servert ein god, stor og variert tapas, sjølvsagt med rikeleg og god drikke av alle slag. Og her er det effektivitet, ingen som ventar lenge på servering og oppvartning.

I godt lag går tida fort.

Skikkeleg forsynte av mat og drikke – samla vi oss i bussen att med avreise frå trivelege Sibora Grill litt over klokka 16.00.

Då var det rake vegen heimatt, ja, rak og rak, med så mye svinger på vegen er det godt å ha ein dugande og særs behageleg sjåfør, på desse vegane er det ikkje berre å møtest i full fart. Men Victor kan kjøre buss!!!! Det må »lures» og ta hensyn heile vegen, og syklistane er alle stader her på øya og det krev tålmodigheit frå dei andre trafikantane, men det går bra.

Vel komne ned på motorvegen att gjekk det fort til dei fyrste gjekk av i Arguineguin osv.

Ved fyrste avstigning takka Nils Kålås dei som takkast skulle for ein koseleg tur på alle hvis, og som det brukar væra – magen får «gjennomgå», det er godt vi har fleksibelt «karrosseri». Det kan ikkje bli anna resultat med slikt opplegg frå Mette si side, men og frå berre positive og ikkje minst «presise» passasjerer som er på plass «når bussen går».

TAKK TIL ALLE FOR NOK EIT TRIVELEG ARRANGEMENT.

Tekst: Hans Martin Einarsveen

 

 

Bildene: Det første bildet er over hyttetakene som Restaurante Sibora grill også har, så bilde fra peisen fra Cumbre Grill og fra trær i blomst i Artenara